Brannen på Gamle Lærdalsøyri er under kontroll og brannvesenet driv laurdag ettermiddag med ettersløkking og sikring. Området rundt dei brannråka bygningane blir sperra av med sperreband - det er svært viktig at publikum respekterer sperringane, altså ikkje forserer sperrebanda. Dette av tryggleiksomsyn.
Vidare blir det kontinuerleg brannvakt i området utover kvelden laurdag og natt til søndag - så lenge dette er naudsynt.
Alle bebuarar som vart evakuerte laurdag morgon - både fastbuande og overnattingsgjester i kringliggjande bygg som ikkje var direkte råka av brannen - får laurdag ettermiddag flytta attende.
Lærdal kommune viser elles til telefonnummera til dei ulike etatane som ein finn på denne nettsida - dersom ein har spørsmål, informasjon eller treng nokon å snakka med.