Det er Frivilligsentralen og kyrkja/soknerådet som inviterer til førjulskveld der det blir spandert betasuppe, kaffi og kaker til dei som kjem.

- Me serverer til alle so lenge maten rekk. Det blir quiz og song og musikk ved Grøttebø. Arrangementet er ope og gratis for alle, seier leiar for Lærdal frivilligsentral, Anne Kristin Evensen.

I september vart den årlege festmiddagen på Lærdal bu- og omsorgsheim avvikla. Dette er ein festmiddag som blir spandert av Nesse og Eggums minnefond. 

Under middagen kunne leiaren for fondet, Halvard Lunden, informera om at Lærdal Frivilligsentral fekk utdelt 5000 kroner for den fantastiske jobben dei frivillige gjer. Pengane skal brukast til noko hyggjeleg både for dei eldre og dei frivillige. 

- Utruleg kjekt å kunne få ei slik påskjønning, og at det er dette som er grunnen til at me no vil laga til ein hyggjeleg førjulskveld i Kyrkjestova. Dette blir eit samarbeidsprosjekt med kyrkja og me håpar mange tek turen innom. Ta gjerne med naboen din, ein ven eller nokon som du veit kanskje sit litt mykje aleine no i mørketida. Alle er velkomne, seier Evensen.

Førjulskvelden er i Kyrkjestova ved Hauge kyrkje - som openbert framstår i meir julete skrud no enn då dette biletet vart teke