I dette tidsrommet vil det føregå arbeid på vassleidninga ved leikeplassen i bustadfeltet. Arbeidet som vert utført er ein del av etableringa av nytt høgdebasseng i Ofta.
Abonnentane i bustadområdet Ofta Vest vil såleis vera utan drikkevatn mellom klokka 08:00 og 15:00. Abonnentane dette gjeld vil og bli varsla med melding på sms.
Det kan vera lurt å tappa noko drikkevatn som du har i beredskap før stenginga tek til.
Når vatnet kjem tilbake vil det vera ein del luft i røyrene. Lat vatnet renna ei stund for å få denne lufta ut.
Me beklagar ulempene.
Teknisk drift