Langt ifrå.
- Me har fått veldig mykje gode attendemeldingar i år. Så har me også brukt litt meir ressursar enn i fjor for å få teke unna, seier oppsynsmann på teknisk drift i Lærdal kommune, Tor Magne Gjerde.
Lærdalssumaren er heilt på hell og store deler av dalen ligg på ny i skuggeland mesteparten av døgnet.
Dermed er det også på tampen av slåttesesongen på Kongevegen over Filefjell og andre historiske vegar i Lærdal.
For det er altså Lærdal kommune ved teknisk drift som skjøtslar vegen – gras og villniss blir slått på stort sett alle parsellar av Kongevegen frå Seltun og til høgfjellet tek over ovanfor Maristova. Det går mange hundre liter bensin til kantklipparar i løpet av ein sesong, og veldig mange meter med trimmartråd.
- Me har drive med slått på vegane tre dagar i veke to mann sidan slutten av juni, fortel Knut Jarle Stundal, ein av dei som jobbar med mellom anna Kongevegen.
Klart for Galdane rundt
Dei slår også graset opp på sjølve husmannsplassen i Galdane, og dei slår Steineåsen - Seltåsen, som ikkje er del av Kongevegen frå 1793, men ein veg som vart bygt kring 1845 og erstatta då deler av Kongevegen som hovudferdselsveg.
- No har me slått og ordna til så det er klart for Galdane rundt denne helga, fortel Gjerde.
Laurdag 14. september går nemleg terrengløpet Galdane rundt av stabelen i regi av Lærdal idrettslag, klikk på denne lenkja for å lesa meir om arrangementet.
Så det ligg ein stor jobb bak skjøtselen av dei historiske vegane i Lærdal. Det er ein eigen skjøtselsplan for kva som skal gjerast når frå tidleg vår til sein haust.
Folkehelse
Statens Vegvesen finansierer skjøtselen på dei prioriterte strekningane; Seltun – Sjurhaugen, Vindhellavegen og Maristova – Kyrkjestølen, i tillegg finansierer vegvesenet når det må gjerast større tiltak, som utbetring av grøfter, reperasjon etter utras og liknande. Resten av skjøtselen finansierer Lærdal kommune.
Og skjøtsel inneber vesentleg meir enn grasklipping – på våren er det skogrydding, og det kan vera skikkeleg tungt arbeid i urar og bratt terrenget. I tillegg er det tilsyn med grinder og skilt, mellom anna.
- Det hadde vore moro å hatt skritteljar på seg ein dag, for ein står aldri i ro, fortel Stundal.
- Eg hadde skritteljar ein dag eg dreiv på rundt Brattebakken, då viste den 32 000 skritt etter endt arbeidsdag, seier Jan Kåre Natvik.
I tillegg til teknisk drift gjer også Lærdal frivilligsentral ein heil del jobb i samband med Kongevegen.
Som attraksjon er dei historiske vegane i Lærdal viktige for turistnæringa, men dei gjev også eit fritidstilbod av dei sjeldne både for innbyggjarar, folk i nabokommunar og andre som er i eller innom Lærdal.
- Viss ein tenkjer folkehelse så er det jammen mykje folk som brukar desse vegane, seier Gjerde.