– Røykvarslardagen er ei viktig påminning om å ta branntryggleiken på alvor når vi no går inn i ei tid der det tradisjonelt oppstår mange brannar. Det viktigaste du kan gjere for branntryggleiken heime, er å sjekke at alle røykvarslarane i bustaden fungerer slik dei skal. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er attlaten, påpeiker Svein Ove Åmås, Branninspektør. 

På tysdag 3.desember vil våre brannførebyggarar, saman med Eltilsynet, stå på stand på torget utanfor Coop Extra i Lærdal.  Kom og snakk med oss om branntryggleik i heimen, eller andre spørsmål de må ha mellom klokken 11 og 13. 🧯

www.roykvarslerdagen.no og www.sikkerhverdag.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.