- Det er vanskeleg å seia kva det handlar om, det kan ungdomane sjølve best svara på. For samstundes som dei aller fleste trivst på skulen, er det også mange som gruar seg til å gå på skulen og-eller kjedar seg på skulen.
Det sa Kristian Hartveit i Korus då han presenterte resultata for Ungdata-undersøkjinga i Lærdal for 2024.
Undersøkjinga viser mellom anna at 82 prosent av dei 67 ungsomsskuleelvane som hadde svara trivst på skulen. Det er litt betre enn sist gong Ungdata-undersøjinga vart gjennomført, i 2021 – då var det 75 prosent som svara at dei trivdest. Men det er ein nedgang frå 2017, då 96 prosent svara at dei trivdest.
Kudos til Kosen
Men heile 86 prosent av ungdomsskuleelevane svara at dei kjedar seg på skulen, det er ein oppgang frå både 2017 og 2021. 27 prosent svara at dei gruar seg til å gå på skulen, litt færre enn i 2021, men ganske mange fleire enn i 2017, då prosenttalet var 12.
- I ein liten kommune er det relativt få respondentar, og det gjer resultata i slike undersøkjingar meir sårbare. Berre svara frå nokre få elevar utgjer mange prosent.
Når det gjeld fritidsaktivitetar kjem Lærdal godt ut – tre av fire gutar og tre av fem jenter frå ungdomsskulen svara at dei deltek på aktivitet i regi av idrettslaget og over 80 prosent av begge kjønn svara at dei er med på ungdomsklubben, altså Kosen.
- Det trur eg er det høgaste talet eg har sett nokon gong for fritidsklubb, og det tyder på at det er eit veldig godt tilbod, sa Hartveit.
Det er god deltaking på kulturskulen og i andre organisasjonar, lag og foreiningar også – sjå statistikken på biletet under.
Over snittala
Dei tala som fekk mest merksemd var dei som gjekk på rusmiddelbruk, regelbrot, seksuell trakassering og vald. Lærdal ligg over snittala både for Vestland og heile Noreg i alle kategoriar på ungdomsskulenivå når det gjeld rusmiddelbruk og regelbrot. Tala for seksuell trakassering og vald er også høge, påpeikte Hartveit.
- Dei tala sjokkerte oss litt, sa Guri Olsen, som representerte Lærdal idrettslag under framlegginga av Ungdata-undersøkjinga.
Då hadde alle som var til stades site i grupper for å drøfta tiltak, så presenterte gruppene det dei var komne fram til.
Her var ungdomen representerte ved elevrådet og ungdomsrådet, og det var elles brei deltaking både frå oppvekstsektoren, helsesektoren, politiet og det politiske. FAU var også inviterte, men hadde ikkje høve til å møta ettersom presentasjonen var på dagtid.
- Me var mest opptekne av foreldra, dei går att overalt. Til dømes; korleis få alle foreldre til å møta på foreldremøte og liknande? Kanskje også foreldre kjenner på eit press, at dei føler dei ikkje er gode nok foreldre, sa Frøydis Helland på vegner av si gruppe; ho møtte som formannskaps- og kommunestyrerepresentant.
Mange tiltak
Oppsummert kan ein seia at dette var momenta gruppene av ungdomar og vaksne fokuserte på:
- At foreldre må vera flinke til å setja grenser, men også sjå fleire sider av saka – mellom anna snakka med ungen om eventuelle konsekvensar før ein gjev konsekvensane
- At foreldre tenkjer over kor mykje alkohol dei drikk sjølve.
- Få foreldra meir engasjerte – møta opp på foreldremøte og liknande. Møteplassar som lågterskeltilbod for foreldre også?
- Meir synleg politi
- Opplegg på skulen om skadeverknadane av rus, type føredrag eller liknande
- At lærarar og foreldre ikkje utset born og ungdom for for mykje skulepress
Lærdal kommune har sett i verk ei rekkje tiltak for born og unge dei siste åra, så det er mange verktøy å spela på.
- Me har starta med ope barnevernskontor på einingane i oppvekst ein dag per månad, overgangspedagog frå barnehage til skule – i eit omfang berre to kommunar eg kjenner til i landet har – og det er tilsett to sosiallærarar på Lærdalsøyri skule i løpet av 2023-2024. Så har det også kome veldig mange gode forslag her i dag, sa Camilla Grøttebø, rådgjevar oppvekst og kultur.
- Me har også fått eit veldig godt verktøy i BTI, heldt ho fram.
BTI står for «Betre tverrfagleg innsats» og vart offisielt lansert tidlegare i august. Les meir om dette ved å klikka på denne lenkja.
Det skal nemnast spesielt at sentralt i arbeidet med BTI er ei eiga nettside med område både for born/unge, vaksne og tilsette i Lærdal kommune. Nettsida heiter tettpålærdal.no, og du kjem til den ved å klikka på denne lenkja.