Over 80 utstillarar er klare med eit stort mangfald av varer - lokal mat og drikke, handverksprodukt, antikvitetar, klede og sko, pyntegjenstandar og mykje, mykje meir finn ein på Gamle Lærdalsøyri under Lærdalsmarknaden denne helga.
Allereie fredag kveld klokka 19 er det marknadsarrangement i Kvammegården med “Sinnamekker´n”. Marknaden startar for alvor laurdag 15. juni klokka 10 med opning av alle bodene, så kjem innslaga i marknadsprogrammet på rekkje og rad utover dagen til klokka 17 - før det brakar laust att med marknadsdans i Kvammegården klokka 21.
Søndag 16. juni er det gudsteneste i Kvammegården klokka 11, bodene opnar klokka 12, og marknadsprogrammet søndag varar til klokka 17.
Begge sentera opnar - gratis inngang denne helga
Før alt dette er det utstillingsopning på Sogn kunstsenter fredag 14. juni klokka 17 - årets utstilling handlar om åra lærdalsmålaren Hans Gjesme var innlagt på Gaustad psykiatriske sjukehus og verka han laga då, så utstillinga har tittelen “Gal og genial?” - les meir om dette ved å klikka på denne lenkja.
Attende til laurdag klokka 10 - då opnar Nasjonalt villakssenter for sesongen. Ein får vitja både Nasjonalt villakssenter og Sogn kunstsenter gratis opningshelga, det vil seia laurdag 15. juni og søndag 16. juni innanfor opningstidene, klokka 10-18.