- Det er alltid kjekt å dela ut Miljøfyrtårn-serifiseringar, seier ordførar Audun Mo.
Visjonen «Grøne Lærdal» handlar mellom anna om at vår kommune skal vera av dei beste til å gjennomføra det grøne skiftet. Då må klima og miljø vera i fokus i alle deler av samfunnet.
I den samanheng er Miljøfyrtårn-sertifisering ein av satsingane, og i kommunedelplanen for klima, energi og miljø er det målsetnad om at minst 30 bedrifter skal vera miljøsertifiserte innan 2030.
System og orden
Når Økonomiservice avdeling Lærdal tysdag denne veka fekk beviset på at dei er Miljøfyrtårn, er dei den åttande på lista over sertifiserte i Lærdal.
- Det som er litt spesielt med Økonomiservice er at det å ha system og orden på ting – og å dokumentera det – er det dei driv med til dagleg. Og å vera Miljøfyrtårn handlar jo nettopp om systematisering og dokumentasjon på moment som er relevante for klima og miljø, seier Mo.
No håpar han det blir fleire Miljøfyrtårn-sertifiseringar å dela ut framover.
- Kommunen har fokus på dette og heiar på alle som vil bli miljøsertifiserte.