- Desse vindauga er heilt fine, det kan ikkje vera trong for å skifta dei, seier Gunn Hauge.
Kvart år går Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri og byggjesakshandsamar i Lærdal kommune ein runde på synfaring i verneområdet og noterer seg ulike ting.
Det kan vera eigarar av bygningar som har teke kontakt med kommunen fordi dei vil gjera endringar på bygningar, og så tek Fagrådet ein titt på det det er snakk om, for så å koma med råd attende.Dessutan noterer Fagrådet og byggjesakshandsamar seg endringar som er gjort på dei verna bygningane som dei stussar over.
Søknadspliktig
Sidan Gamle Lærdalsøyri altså er verna, skal alle utvendige bygningsmessige endringar søkjast om. Det gjeld også til dømes skifte av dører eller vindauge og innsett av varmepumpe, sidan desse altså har ein utvendig del.
Når det gjeld varmepumpe har ein køyrt ein praksis med at førehandssamtale er tilstrekkjeleg – altså at byggeigar kan få ei munnleg godkjenning på å plassera varmepumpa slik eller slik – men det er viktig at byggeigarane tek kontakt med byggjesakshandsamar også då.
Regimet kan verka strengt, men det er viktig for eigenarta til Gamle Lærdalsøyri, som igjen er svært viktig for Lærdal kommune. Me har eit av dei mest autentiske trehusmiljøa i landet, men det blir litt mindre autentisk for kvar modernisering av bygningar som blir gjort.
«Kan no ikkje vera så nøye»
Så sjølv om det er lett å tenkja at «ei ny dør kan no ikkje vera så nøye», så er det faktisk det. Ein ting er den eine endringa i seg sjølv. Ein annan ting er «presedens»; viss naboen har gjort den og den utvendige bygningsmessige endringa, så må jo andre få lov, tenkjer ein fort. Og på sikt vil me då enda opp med eit ganske annleis Gamle Lærdalsøyri enn slik me kjenner det i dag.
Så; søkjer ein ikkje om løyve som ein skal, kan ein på pålegg om å endra attende det ein har gjort.
For det er naturlegvis ikkje slik at ein ikkje får lov å gjera utvendige bygningsmessige, naudsynte tiltak på Gamle Lærdalsøyri – ein må jo kunne vedlikehalda bygningane. Men ein skal gjera det på ein måte så autensiteten blir oppretthalden så godt som råd, det er essensen.
Ein kan altså få løyve til å skifta ut øydelagde glas, dårlege dører, roten panel eller anna, men det må erstattast med vindauge, dører eller panel som er likt det opphavlege. Her bistår Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri gjerne med råd.
Ein må gjerne ta kontakt
Prosedyren når ein skal gjera utvendige endringar i verneområdet er altså å senda ein søknad om byggjeløyve til Lærdal kommune. Søknadane går så på høyring til Vestland fylkeskommune og Fagrådet. Fagrådet har rådgjevande funksjon medan Avdeling for kultur hjå Vestland fylkeskommune er fagmyndigheit.
Sjølve vedtaket blir gjort i Utval for miljø og samfunnsutvikling i Lærdal kommune
I buffersona er også eksteriørmessige endringar søknadspliktige, men ein skal ikkje hindra utvikling i området, så her kan ein få løyve til moderniseringar, påbygg og nybygg.
Før ein skriv søknad må ein gjerne ta kontakt med byggjesakshandsamar om korleis den aktuelle endringa kan gjerast – då går gjerne resten av prosessen smidigare.
Årets synfaring i verneområdet vart gjennomført i slutten av august – der det vart observert tilhøve som reiste spørsmål har eller vil huseigar bli kontakta.