Det er innbyggjarane som vel kommunestyret, så kven som skulle sitja i kommunen sitt høgste organ var klart etter valet for ein liten månad sidan.
Men så er det kommunestyret som vel både ordførar og varaordførar - ordførar vart Audun Mo (Ap) og varaordførar vart Janne Marie Reppen (Ap).
I tillegg vel kommunestyret formannskapet, og under det konstituerande kommunestyremøtet i Lærdal 5.oktober vart følgjande valde:
Formannskapet 2023-2027
Audun Mo (Ap)
Janne Marie Reppen (Ap)
Sæmund Stokstad (SV)
Frøydis Helland (H)
Viktor Yttri (Sp)
Det blir også vald medlemmar til ei rekkje utval i konstituerande kommunestyremøte - klikk her for å gå inn på protokollen, som syner korleis dette vart.
På biletet av kommunestyret for 2023 - 2027:
Fremre rekkje, frå venstre: Robert Lysne Elgåaen (Ap), Laila Irene Sande Elvagjeng (SV), Birgit Olaug Lervik (Ap), Audun Mo (Ap), Janne Marie Reppen (Ap), Frøydis Helland (H), Gunn Kirsti Offerdal (Sp)
Bakre rekkje, frå venstre: Trine Grøttebø (Ap), Jon Martin Valaker Nes (Ap), Sæmund Stokstad (SV), Olav Grøttebø (Ap), Egil Natvik Vestrheim (Ap), Stian Offerdal Vatlestad (Sp), Jan Geir Solheim (Sp), Njål Kaardal Golf (Sp), Viktor Yttri (Sp)
Ikkje til stades: Anne Karin Brugrand (Ap)