- Lærdal gamleheim opna jonsokdag i 1924, sa einingsleiar pleie og omsorg Toril Tørvi då det 18. juni var jubileumsfest for det som no er Lærdal bu- og omsorgsheim.

Festen bestod av talar frå både Tørvi og ordførar Audun Mo, musikk frå 60-talet ved Longhorn, samtale mellom Kari Blåflat i Lærdal historielag og Jenny Kvalen Hagheim, som starta å jobba på heimen allereie på 60-talet – og naturlegvis jubileumsmiddag for bebuarar og andre inviterte.

- Det er same meny i dag som i 1933, då gamleheimen var i drift på tiande året – me har funne att menyane frå då, og tysdagar var det lapskaus og heimebaka flatbrød, sa Tørvi.

Dei gode kreftene

Men før ein god jubileumsmiddag skulle fortærast, var det historisk samtale. Kari Blåflat fortalde om kor vanskeleg mange eldre hadde det i gamle dagar  

- Om ein ikkje hadde etterkommarar til å ta av seg, møtte ein som regel ein veldig fortvilande alderdom. Då måtte ein gjerne ut med tiggarposen. Spesielt år med dårlege avlingar var vanskelege – då vart hjarterommet gjerne også mindre hjå dei som kunne hjelpe dei fattige. Men me hadde fjorden som ei stabil matkjelde.

Så tidleg på 1900-talet byrja gode krefter å jobba for å få til gamleheim i Lærdal. Spesielt to personar var viktige – Marie Lindstrøm, som bygde ut Lindstrøm hotel saman med mannen Ole Johan – og Ivar Rikheim.

 - Marie Lindstrøm trudde det ville vera umogleg for ein fattig kommune som Lærdal å få til gamleheim. Så ho gjekk direkte på dei ho meinte hadde pengar og samla inn. Ho starta også ein innsamlingsaksjon blant lærdøler som hadde utvandra til Amerika.

- Ivar Rikheim sat i heradstyret. Han tok opp at det måtte koma eit eige hus for dei gamle. I 1918 vart det sett opp ein sum til dette på kommunebudsjettet, 1000 kroner. 1000 kroner vart sett av dei påfølgjande åra, og i 1922 vart det auka til 2000 kroner. Då byrja det å bli betre økonomi, etter ei vanskeleg tid mellom anna grunna første verdskrig, fortalde Blåflat.

Jenny Kvalen Hagheim (t.v.) og Kari Blåflat

Kosta 70 000 kroner  

Pengane Marie Lindstrøm samla inn, det som vart sett av på kommunebudsjettet og i dei tider eit sværa lån på 14 000 kroner gjorde at Lærdal gamleheim i 1924 altså vart realitet. Det kosta 70 000 kroner og då teikna arkitekt Johan Lindstrøm bygget gratis. Då var det plass til 20 gamle på heimen.

Og slik stod bygget og gav husrom, hjarterom og pleie til gamle frametter – først i 1983 vart det modernisert for første gong. 

Jenny Kvalen Hagheim fortalde livleg om korleis livet på den gamle gamleheimen var. 

- Me hadde ei vaskemaskin som såg ut som ei tønne. Og sentrifuga var eit kapittel for seg sjølv – la me den litt skeivt så rista det så me kjende det opp i toppetasjen.

Både vaskemaskina og sentrifuga står i kjellaren den dag i dag. I det heile fortalde Kvalen Hagheim mykje som fekk fram latteren blant dei som var på jubileumsfesten.

Bilete av Ivar Rikheim og Marie Lindstrøm

Kongeleg besøk

Mellom anna fortalde ho ein heil del om Johan Mo, som budde store deler av livet sitt på heimen. Han kom frå vanskelege kår, og var ein personlegdom, men som også var ein god hjelpesmann i drifta.

Ei historie var frå då kong Harald, som kronprins, kom på besøk på gamleheimen – og presenterte seg då naturleg nok som kronprins Harald i møte med Johan. 

- Då svara han Johan: «Nei, du lyg», fortalde Kvalen Hagheim.

Apropos dei kongelege så har kong Harald vore fleire gonger på besøk. Difor var ikkje aktivitør Guro Eri Jakobsen, som stod i bresjen for jubileumsfeiringa, snauare enn at ho inviterte Kongen til jubileumsfesten.

- Ein sjølvskriven gjest. Og i førre veke kom det brev frå Det Kongelege Hoff. Kongen hadde diverre ikkje høve til å koma, men ønskte til lukke med feiringa. Og det er godt nok for oss,sa Eri Jakobsen.

Då var det klart for jubileumsmiddag og etter det vart det tale ved ordførar Audun Mo, som mellom anna la vekt på den gode jobben dei tilsette gjer og den store omsorga dei utviser i arbeidet sitt.

- Dei tilsette er ryggrada, sa Mo. 

Aktivitør Guro Eri Jakobsen og ordførar Audun Mo