Asplan Viak AS har på oppdrag av kommunen utarbeida framlegg til ny detaljregulering for Hanseskogen. Framlegget omfattar både utviding av bustadfeltet langs elva, vidareutvikling av tidlegare planlagd bustadtomter på Øyamarki og fortetting inne i bustadfeltet. Planframlegget inneberer også nye tilkomstvegar, areal for leikeplassar og felles utanomhusareal. Det er og lagt vekt på å behalda etablerte gang- og sykkelvegstrukturar gjennom bustadfeltet og etablere nye "snarvegar" til turdrag og fylkesvegen. Planframlegget legg opp til å skape eit variert bustadtilbod på Lærdalsøyri, både med omsyn til moglegheit for einebustadar og rekkjehus, ulik storleik på tomter, og ulike krav til utbygginga. Utval for miljø og samfunnsutvikling vedtok i møte 01. september 2022 å leggja framlegg til ny Detaljreguleringsplan for Hanseskogen ut til offentleg ettersyn og høyring. Me understrekar at planframlegget som no vert sendt på høyring er framlegg til løysingar som kommunen gjerne ynskjer innspel på. Kommunen vil og kalle inn til fleire møter med ulike grunneigarar dei neste vekene for å drøfte framlegg til plan.
Me ber om at innspel til planframlegget vert sendt til Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal eller til epost: post@laerdal.kommune.no innan 17. oktober 2022.
Me arrangerer open kontordag på planavdelinga for den nye reguleringsplanen i Hanseskogen tysdag 04.oktober kl. 08-15.30. Kom gjerne innom denne dagen når det passar for deg/dykk, treng ingen avtale. Det er då anledning til å studere karta i stort papirformat, stille spørsmål, få hjelp til innspel osv. Dersom du ynskjer å snakke med sakshandsamar på kontoret, men ikkje har anledning denne dagen, så ta gjerne kontakt for å avtale annan tid som passar.
Les plandokumenta her (trykk på lenkane):
Planomtale
Plankart
Plankart med markering av nye bustadtomter
Planføresegner
ROS-analyse
Merknadsskjema
Sakspapir i utvalsmøte
Planen vil og bli tilgjengeleg i digitalt format på vårt planarkiv på kommunen sin kartportal (kommekart.com) i løpet av kort tid. Få fram planen i kartet ved å krysse av på kartlag "Reguleringsplanforslag".
Ta gjerne kontakt med arealplanleggjar Monika Lysne om det er spørsmål til planarbeidet.
Kontaktinformasjon: tlf: 90516686, epost: monika.lysne@laerdal.kommune.no.