Høyringsperioden er 1. august til 20. september 2024.

 

Kort om planen

Planen er lokalisert mellom Lærdal sentrum og Erdal på nordsida av fylkesveg 5617, og femnar om eigedommen gbnr 33/13, 29/134 og 29/12 (naust). Planområdet er på 18,6 daa og består delvis av grusa/asfaltert rasteplass, vegetasjon og naust i tilknyting til strandsona.

Kartutsnitt som syner lokalisering av planområdet med raud markering.

 

Formålet med planen er å gjere rasteplassen sikrare, tilby toalett samt øvrige fasilitetar for trafikantar på turistvegstrekka.

Situasjons-/illustrasjonsplan 


Det vert vist til planframlegget for fleire opplysningar. Illustrasjonar og teikningar i planframlegget viser framtidige rasteplass med tilhøyrande fasilitetar.

 

Viktige saksdokument (Trykk på dokumenttittel for å sjå og lasta ned dokument)

- Møtebok frå sak 031/24 i Utval for miljø og samfunnsutvikling
- Plankart
- Føresegner
- Planomtale
- Risiko- og sårbarbarheitsanalyse
- Situasjonsplan
- VA-rammeplan
- Skredvurdering

 

Merknad

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn merknad er 10. oktober 2024.

Merknader må sendast til Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, eller på e-post post@laerdal.kommune.no.

Du får ikkje svar på merknaden din, men alle merknader vert lagt ved i den vidare handsaminga. Innspel som vert sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di verte offentleg tilgjengeleg.

 

Spørsmål kan sendast til:

Telefon: 454 04 993
E-post: johannes.myrmel@laerdal.kommune.no

 

Sjå innkomne merknader og dokument i saka

Ved å klikka på denne lenkja finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.