Når barnet sitter bakovervend, blir kroppen og hovudet pressa mot seteryggen ved ein frontkollisjon. Kreftene blir difor fordelte over ei større flate slik og belastninga blir mindre for hovud og nakke. 

Effekt av ulike vernesystem: 

  • Bakovervend barnesete 90-95 prosent 
  • Forovervend barnesete/bilpute 50-60 prosent 
  • Bilbelte for born under 10 år 20-30 prosent 
  • Bilbelte for vaksne 50-60 prosent 

Meir om sikring av born i bil kan du lesa ved å klikka på denne lenkja.

Lærdal er trafikksikker kommune, ei sertifiseringsordning i regi av Trygg Trafikk. Kvar månad har eigne trafikktryggleikstema som blir fokusert på gjennom kommunen sine informasjonskanalar.