Arrangementsprogrammet til kulturhuset er lansert og i vinter vert det noko for einkvar smak. Fyrst ut er føredrag om redesign og søm med syinfluensar Christine Fure Schwarz i regi av Lærdal folkebibliotek torsdag 18. januar.
Seinare i månaden kan du oppleve teater på norsk og spansk som tek for seg historia om Rosa Avendaño. Ei chilensk kvinne som måtte migrere til Norge på grunn av diktaturet i Chile på slutten av 90- talet.
I februar vert det internasjonal bygdekveld og i mars vert det alt frå sigøynerkonsert til dyrkeføredrag til kulturskulekonsert.
Førebels oversikt over arrangement:
18. januar: Føredrag: Redesign med Christine Fure Schwarz. Bli inspirert til å sy!
27.-28. januar: Teater: La genta de la tierra
13. februar: Internasjonal bygdekveld
3. mars: Konsert Gjertruds sigøynerorkester med Helge Jordal og Lærdal songkor
6. mars: Foredrag: Dyrk i pallekarm med Maria Berg Hestad
9. mars: UKM og kulturskulekonsert
19.-21. mars: Kulturskulemusikalen “Mord”
21. april: Konsert: Chet på norsk med Baker Hansen
27. april: Lyse dagar i Lærdal – bornas kulturhusdag