Måndag 11. september er valdagen - og ein kan også førehandsrøysta på Lærdal rådhus mellom klokka 10 og 14 på kvardagar til og med fredag 8. september.
Dersom du har flytta til eller frå Lærdal i løpet av dei siste månadane er det den kommunen du var folkeregistrert i 30.juni som du har røysterett i. Flytta du til Lærdal og vart folkeregistrert her i kommunen 30. juni eller før, er det altså Lærdal du skal røysta i. Har du flytta til Lærdal, men vart folkeregistrert her i kommunen 1. juli eller seinare er det kommunen du flytta frå du har røysterett i.
Det er også verdt å vita at du har røysterett om du fyller 18 år i løpet av 2023. Med andre ord har norske statsborgarar som vart fødde i 2005 eller tidlegare røysterett - om du framleis er 17 år men fyller 18 år seinare i 2023 har du altså røysterett.
I tillegg har utanlandske statsborgarar fødde i 2005 eller tidlegare - og som har vore folkeregistrert som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen - også røysterett. Er du statsborgarar i Danmark, Sverige, Finland eller Island og vart fødd i 2005 eller tidlegare gjeld følgjande: dersom du vart folkeregistert som busett i Noreg 30. juni 2023 eller før, har du røysterett under kommunestyre- og fylkestingsval. Her er det skilnad i høve stortingsval, der ein må vera norsk statsborgar for å ha røysterett.
Godt val!