Som støttekontakt, eller fritidskontakt, får du løn av kommunen for å hjelpa eit anna menneske til å få eit meir sosialt liv og ei aktiv fritid.
Ein støttekontakt besøkjer ofte personar som ikkje kjem seg ut på eigahand, eller hjelper dei til å meistra ulike fritidsaktivitetar. Såleis vil ein laga eit opplegg som passar både støttekontakt og brukar - ein jobbar typisk nokre timar kvar veke.
Alle kommunar har ordning med støttekontakt/fritidskontakt - les meir om ordninga på Helse Norge sine nettsider ved å klikka her.
Krav til søkjar
- Du må vera over 16 år
- Du må leggja fram politiattest
- Du treng ingen spesiell fagleg bakgrunn. Du vil få opplæring og oppfølging av fagfolk.
- Du bør vera sosialt engasjert og ha evne til å finna på aktivitetar og finna glede i å hjelpa andre menneske. For å skapa stabilitet for brukaren, bør du kunne binda deg over ein lenger periode.
Kan dette vera interessant for deg? Ta kontakt med leiar for bu- og miljøtenesta i Lærdal, Hilde Lysne:
- E-post: hilde.lysne@laerdal.kommune.no
- Telefon: 90 50 00 39