Det seier Silje Eidsgaard Langehaug, prosjektleiar helse og omsorg i Lærdal kommune.

I fjor haust vedtok kommunestyret i Lærdal handlingsplan mot vald i nære relasjonar med nettopp tittelen «Du ser det ikkje før du trur det».

- Ein må ha dei brillene på, tru at dette skjer rundt seg for å oppdaga det. Handlingsplanen kan på den eine sida nyttast som eit oppslagsverk slik at dei som lever med eller oppdagar vald i nære relasjonar skal vita kven dei kan kontakta og korleis dei skal gå fram, seier Eidsgaard Langehaug.

Mange typar vald

I denne samanheng er det også nyleg laga ei eiga underside om temaet her på Lærdal kommune si nettside som du finn ved å klikka på denne lenkja. Her finn du informasjon om ulike hjelpeinstansar, kontaktinfoen til desse og lenkjer til nettsider med meir utdjupande informasjon. 

Mellom anna ligg det her informasjon om overgrepsmottaket på Førde sentralsjukehus og Krisesenteret i Florø – begge desse er til for innbyggjarane i Lærdal og mange andre kommunar.

- På den andre sida er handlinsplanen ei rettesnor og ein vegvisar for kommunale tenester, på tvers av tenestene. Den skildrar tiltak som går på mellom anna kompetanseheving og førebyggjing. Ein del tiltak er innførte frå før, medan andre er nye og blir implementerte frametter, forklarar Eidsgaard Langehaug. 

 Eit anna poeng ho tykkjer er viktig å få fram er at vald finst i mange former. Det er ikkje berre fysisk og seksuell vald, men også til dømes psykisk og latent vald.

- Planen skildrar også dette, så den kan også nyttast av innbyggjarar og tilsette som ei informasjonskjelde.

Fleire prosjekt

Eidsgaard Langehaug fortel at det no er fleire prosjekt i Lærdal kommune knytt til tematikken. 

TryggEst er retta mot først og fremst sårbare vaksne og handlar mellom anna om å ha ei dør inn til hjelpeapparatet – dette har kommunen fått tilskotsmidlar til. 

Tidleg inn er eit anna prosjekt som går på at hjelpeapparatet skal koma så tidleg inn som mogleg når born opplever slikt som rusmisbruk eller vald i heimen. 

I tillegg er det utarbeidd ein førebyggjande plan for born og unge som støttar opp under handlingsplanen mot vald i nære relasjonar – denne førbyggjande planen er omtalt før, og du kan lesa om det ved å klikka på denne lenkja.