- Heldigvis har ikkje psykososialt kriseteam vore ofte i verksemd i Lærdal. Det er heilt uføreseieleg kor ofte, men vanlegvis ikkje meir enn to-tre gonger i året, seier seniorrådgjevar helse og omsorg i Lærdal kommune, Åge Bøyum.
Psykososialt kriseteam er ei lovpålagt teneste som skal gjevast pårørande i krisesituasjonar. Det kan til dømes vera ei større trafikkulukke, ei brå, alvorleg hending eller eit brått, uventa dødsfall - og spesielt når born og unge er involvert.
I Lærdal består teamet av:
- Serif Isic, rettleiar flytningtenesta
- Tine Selmer Cruickshank, koordinator pleie og omsorg
- Jorid Lien Nilsen, Politibetjent
- Kathrine Kaardal, psykiatrisk sjukepleiar
- Wenche Lie Lysne, sokneprest
- Åge Bøyum, seniorrådgjevar helse og omsorg
- Ingrid Hagen, fagleiar psykisk helse og rus
(Namn i samsvar med rekkjefølgja frå venstre til høgre på biletet - der er også Hilde Reikrås med, som er tryggleikskonsulent i KS og bistår under fagsamlingane teamet har)