Ettersom ein del innbyggjarar har gjeve attendemelding om at det ikkje passar å møta dei to dagane i november som er sett av til drop-in-vaksinering, blir det ein halv dag med vaksinering 18.oktober, frå klokka 12-15.

Ein må bestilla time for å vaksinera seg mot influensa og korona denne dagen, det gjer ein ved å ringja Lærdal helsesenter på telefon: 57 66 95 00.

Det er avgrensa med timar, så dei som har høve til å møta på dei oppsette dagane for drop-in vaksinasjon i november bør møta då i staden.

Dermed blir dagane for vaksinering ved Lærdal helsesenter som følgjer:

  • Onsdag 18.oktober, kl. 1200 - 1500. Ein må bestilla time ved å ringja Lærdal helsesenter på telefon 57 66 95 00 om ein skal vaksinera seg denne dagen
  • Tysdag 7. november og onsdag 8. november, kl. 0900 - 1430 begge dagane. Desse dagane er det drop in-vaksinering, og ein skal ikkje bestilla time, berre møta opp på Lærdal helsesenter i tidsrommet vaksineringa går føre seg. Ein skal prioritera å møta ein av desse to dagane i november om ein har høve. 

Koronavaksine er gratis. For influensavaksine kostar det 100 kr., denne prisen er sett sentralt. Ein kan betala kontant ved oppmøte.

Les meir om dei ulike vaksinane på Folkehelseinstituttet sine nettsider ved å klikka her.

Dag og tid for vaksinering mot pneumokokk (lungebetennelse) blir annonsert seinare.