Kommunestyret vil i dette møtet få presentert ei moglegheitsstudie for flaumsikring av Lærdalsøyri. Denne moglegheitsstudia er utarbeida av Multiconsult på oppdrag frå NVE. NVE og Multiconsult vil stå for orienteringa i møtet. 

Du kan sjå møtedokumenta ved å klikka på denne lenkja

Du kan følgja strøyminga av kommunestyremøtet - eller sjå det i opptak - ved å klikka på denne lenkja.

Sjølve rapporten for moglegheitsstudiet vert publisert etter kommunestyremøtet. Denne rapporten inneheld ulike moglege modellar for flaumsikring av Lærdalsøyri, og dannar grunnlag for valmoglegheitene Lærdal kommune har når me skal velja korleis Lærdalsøyri skal flaumsikrast. 

Seinare i haust vil det bli halde eit folkemøte om saka. Ein kan finna meir informasjon om flaumsikringsprosjektet ved å klikka på denne lenkja.