Dermed er ein prosess som starta for alvor i 2019 tilnærma komen til vegs ende. Å laga ny arealplan for heile Lærdal kommune har nemleg vore eit svært omfattande og viktig arbeid.

Grunnen til at ein arealplan er så viktig i ein kommune, er fordi den legg rammene for kva ulikt areal i kommunen kan nyttast til. Rammene for kvar det kan byggjast til dømes nye bustader, hytter og næringsbygg ligg nemleg i arealplanen.

28 år sidan sist

Lærdal kommune har fram til no hatt ein arealplan som vart vedteken i 1995, det vil seia at den har liggje til grunn i 28 år. Mykje skjer på 28 år, så det er ei årsak til at dette har vore eit langt lerret å bleikja. Ei anna årsak er svært mange motsegner til arealplanen då den kom ut på høyring i fjor. Dermed har det vore jobba mykje med desse motsegnene sidan då. 

Det er nemleg slik at motsegner frå til dømes Statsforvaltaren, fylkeskommunen eller NVE må avgjerast på departementsnivå dersom dei ikkje blir løyste. Dei kan løysast anten ved at motsegna blir trekt av instansen som kom med den, eller ved at kommunen tek motsegna til følgje, eller at ein forhandlar seg fram til at motsegna delvis blir teken til følgje og så trekt.

Alt er løyst, med unntak av golfbana

Jobben med dei mange motsegnene førte fram til at ein løyste alle, med unntak av ei - arealet som er sett av til ny golfbane på Ljøsne. Her står Statsforvaltaren på si motsegn og Lærdal kommune trekkjer ikkje golfbana frå planen. Dermed ligg akkurat den på departementsnivå for endeleg avgjerd, resten av arealplanen blir rettskraftig og gyldig etter vedtaket i kommunestyret torsdag sidan løysingane på alle dei andre motsegnene blir innarbeidde.

Vedtak på ein ny arealplan inneber også at den gamle arealplanen frå 1995, ulike kommunedelplanar og ein del reguleringsplanar som har kome i mellomtida blir oppheva. Dette blir det ein eigen prosess på.

- Det har vore lagt ned ein formidabel innsats frå arealplanleggjar Monika Lysne som har hatt hovudansvaret for utarbeiding av ny arealplan, seier kommunedirektør Gunn Lerøy etter vedtaket i kommunestyret torsdag.

Endeleg arealplan og endelege kart med endringane som har skjedd gjennom prosessen blir lagt ut på Lærdal kommune si nettside så snart desse er klare.