Lærdal kommune søkjer no etter vaksne, arbeidssøkjande menn som vil få tilbod om ein unik moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom “Menn i helse”.

Motivasjon er viktigare enn alder, du kan vera alt frå tidleg i 20-åra til godt over 50. Under utdanninga vekslar du mellom ytingar frå Nav og løn frå kommunen.

Påmelding til informasjonsmøte

Ta sjansen på å bli med på eit uforpliktande informasjonsmøte der det vert gitt informasjon om utdanninga, økonomi og jobbmoglegheitene. Helserekruttar frå tidlegare kull er også til stades og deler sine erfaringar og anbefalingar.

Vel møte som passer deg best.
• Tid og stad: 20.januar kl.0900-1030. Rådhuset rom 216. Vangen  1, 5745 Aurland eller 20.januar kl.1400-1530 Sogndal Vgs. Lunnamyri 2 6856 Sogndal 

• Meld deg på ved å klikka på denne lenkja

Her vil det bli orientert om “Menn i helse”, utdanninga og jobbmoglegheitene. Nokre veker etter møtet vil det bli gjennomført intervju. Etter intervjuet vil eigna og motiverte kandidatar få tilbod om ein 12 vekers rettleidd praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller liknande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.


Er du vår neste mann? Grip moglegheita!
Kjenner du nokon som fortener moglegheita? Tips dei om Menn i helse!
Har du spørsmål om Menn i helse?
Ta kontakt med fylkeskoordinator: Øystein Johannessen 

• Telefon: 908 34 919
• E-post: Oystein@mennihelse.no