Sogndal kommune og kommunane i indre Sogn inngjekk 9. desember ein intensjonsavtale med heiltids barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet. Målet er å få fleire studentar til å velja barnehagelæraryrket og sørga for god kvalitet i barnehagane våre i framtida.
I dag ser me at færre vel å utdanna seg til barnehagelæraryrket, samstundes som behovet for kvalifiserte barnehagelærarar aukar. For å kunne gje borna eit godt barnehagetilbod, må yrket bli meir attraktivt. Denne avtalen legg til rette for å rekruttera fleire studentar, og gje dei moglegheit til å kombinera studiar med arbeid i barnehagane våre.
Kva inneber avtalen?
- Felles innsats for rekruttering: Sogndal kommune og HVL skal jobba saman for å få fleire studentar til å starta på heiltids barnehagelærarutdanning i Sogndal. Dette kan innebera kampanjar, informasjonsmøte og andre tiltak som gjer utdanninga meir kjent og attraktiv.
- Kombinera studiar og arbeid: Studentar som tek heiltids barnehagelærar utdanning, får tilbod om å jobba i ein 20% deltidsstilling i ein barnehage i Sogndal kommune. Slik kan dei få nyttig arbeidserfaring samtidig som dei studerer.
Satsinga skal sikra at borna i Sogndal og kommunane i Indre Sogn har trygge og kompetente vaksne rundt seg. Samtidig er det eit mål at studentar ser på Sogndal som ein attraktiv stad å arbeida etter fullført utdanning.