Sjølv om ekstremvêret Ingunn var sterkast på kysten og lenger nord, kom det til tider og lokalt sterke vindkast i Lærdal også. Torsdag er det meldt roleg vêr, men fredag dreg det til med moglegheiter for mykje regn og farevarsel i alle fargar:
- Flaumfare på gult nivå (Heile Vestland)
- Jord-, sørpe- og flaumskredfare på oransje nivå (Heile Vestland og fleire andre fylke)
- Snøskredfare på raudt nivå (Indre Sogn, men også fleire omkringliggjande område)
Varselet om flaumfare og jord-, sørpe og flaumskredfare gjeld frå fredag morgon klokka 7 til laurdag morgon klokka 7. Varselet om snøskredfare gjeld fredag, her er ikkje varselet for laurdag og dagane vidare kome ut når denne artikkelen vart publisert.