Det er meldt svært mykje nedbør i regionen vår denne helga. Laurdag 16. desember melder yr.no 50 millimeter nedbør på Lærdalsøyri, og følgjande farevarsel er sende ut for våre deler av Vestland fylke:
- Snsøskredfare på raudt nivå
- Jord-, sørpe- og flaumskredfare på oransje nivå
- Svært mykje regn, oransje nivå
- Flaumfare på gult nivå
Det er meldt mykje nedbør søndag også, 35 mm på Lærdalsøyri, og fleire farevarsel då også. Sjekk vêrvarselet på yr.no ved å klikka her.
Med andre ord bør ein ha vêret i mente når ein ferdast ut med bil eller til fots i terreng - og elles ta førehandsreglar i høve desse meldingane.