Stad: Lærdal rådhus – tenestetorget
Tid: Måndag – fredag kl. 10:00 – 14:00
Torsdag 24. august kl. 17:00 – 19:00
Laurdag 26. august kl. 11:00 – 14:00
Hugs å ta med legitimasjon og ta gjerne med valkortet du har fått elektronisk eller i posten.
Ambulerande røysting
Veljarar som på grunn av sjukdom eller uføre ikkje har høve til å førehandsrøysta på rådhuset, kan førehandsrøysta i heimen, eller der dei oppheld seg innanfor kommunen.
Ta kontakt med valansvarlege i Lærdal kommune; Edel Ørbeck Mo tlf. 994 43 383 eller Jorunn Hatlevoll tlf. 480 34 007. Frist for å avtale er fredag 8.september kl 10:00.