Totalt røysta 1 190 ved kommunestyrevalet i Lærdal kommune, noko som gav 70,2% valdeltaking blant 1 696 røysteføre. Slik fordelte røystene seg på partia:

Ap: 54,9 % (9)

Sp: 26,5 % (5)

SV: 11,1 % (2)

H: 7,4 % (1)

I parentes står tal mandatar i kommunestyret dei ulike partia fekk. Når alle røystene tysdag ettermiddag var endeleg registrerte med personrøyster og slengjarar er det desse som får plass i det nye kommunestyret:

Ap:

  1. Audun Mo
  2. Janne Marie Reppen
  3. Olav Grøttebø
  4. Jon Martin Valaker Nes
  5. Birgit Olaug Lervik
  6. Robert Lysne Elgåen
  7. Egil Natvik Vestrheim
  8. Trine Grøttebø
  9. Anne Karin Brugrand

Sp:

  1. Viktor Yttri
  2. Njål Kaardal Golf
  3. Gunn Kirsti Offerdal
  4. Stian Offerdal Vatlestad
  5. Jan Geir Solheim

SV:

  1. Sæmund Stokstad
  2. Laila Irene Sande Elvagjeng

H:

  1. Frøydis Helland

Protokoll for valgjennomføringa med kandidatkåring finn ein for kommunestyrevalet i Lærdal ved å klikka her.

Protokoll for valgjennomføringa i Lærdal for fylkestinget finn ein ved å klikka her.