Brann og Redning i Lærdal og Årdal skal no i november besøkja alle skulane våre for å undervise elever på sjette og niande trinn i grunnleggjande brannvern.

Me skal samstundes dela ut Brannvesenets julekalender til fjerde og femte trinn.  Den inneheld adventstida sin viktigaste bodskap: Korleis få ei trygg og brannfri høgtid.

Julekalenderen er bygt opp på tradisjonelt vis med luker som skal opnast kvar dag. Bak kvar luke finn borna ei nettadresse til dagens luke i den tilhøyrande nettkalenderen - sjå www.brannvesenetsjulekalender.no. Bak lukene i nettkalenderen ligg konkurransar, oppgåver og filmsnuttar. 

Ambassadørar

Det er diverre ikkje utan grunn at brannvesenet brukar store ressursar på brannførebygging rett før advent. Dei fleste brannar oppstår i bustadar og me står no framføre ei travel og kald tid der me fyrer i peis og eldstadar, lagar meir mat enn vanleg, pyntar med stearinlys og overbelastar det elektriske anlegget med julelys i alle variantar. 

Desember er månaden det brenn mest, det er snakk om bortimot ti gonger fleire branntilløp i førjulstida i høve elles i året.

Brannvesenet ønskjer å presisera at det er dei vaksne som har ansvar for å passa på at sløkkjemiddel og røykvarslarar er på plass og at brannfarleg pynt og dekorasjon ikkje blir brukt. Men brannvesenet er mykje i kontakt med born og har god erfaring med denne målgruppa som ambassadørar for brannførebygging i hus og heim.