Under eit ekstraordinært kommunestyremøte i midten av oktober fortalde NVE og Multiconsult om moglegheitsstudien som no er gjennomført.
Studien ser nærare på moglegheitene for å byggja ein ny flaumvoll på innsida av eksisterande voll, eller forsterka eksisterande flaumvoll.
Meir om det som kom fram i kommunestyremøtet finn du ved å klikka på denne lenkja
Opptak av heile kommunestyremøtet finn du på denne lenkja
No skal det haldast folkemøte om flaumsikringsprosjektet, og dette blir måndag 11. november kl. 18 i kultursalen.
Program for folkemøtet
- Ordførar Audun Mo ønskjer velkomen
- NVE med Multiconsult presenterer moglegheitsstudien
- Kaffipause
- Spørsmål frå salen
Me tek sikte på å vera ferdige om lag kl. 20, men det skal vera god tid for dei frammøtte til å stilla spørsmål
Folkemøtet blir strøyma, du kan klikka på denne lenkja for å følgja strøyminga.