Det vert i planframlegget lagt til rette for ulike næringsetableringar. I tillegg vert det lagt til rette for gode løysingar for vegsambanda omkring, tilkomst, parkeringsplassar, betre kryssløysing frå E16 osv. Planframlegget ska liggja til offentleg ettersyn i 6 veker, og alle som ynskjer det, kan koma med innspel til planarbeidet. Innspel vert å senda til Lærdal kommune, postboks 83, 6886 Lærdal eller epost: post@laerdal.kommune.no.
For spørsmål om planarbeidet, kan ein ta kontakt med arealplanleggjar Monika Lysne, tlf. 90516686, epost: moly@laerdal.kommune.no.
For spørsmål om næringsetableringane, kan ein ta kontakt med Remi Solbakken, tlf. 46690555, epost: remi@nvrlnddesign.co eller Nils Ø. Solbakken, tlf. 90787520, epost: norteck.as@gmail.com.
Les meir om planarbeidet her:
Sakspapir frå møte i Utval for miljø og samfunnsutvikling
Planomtale
Plankart
Føresegner
ROS-analyse