Garderobar og areala som ligg inntil svømmebassenget på Lærdalsøyri skule skal totalrehabiliterast. Oppstart for prosjektet er måndag 27.mai og skal sluttførast rett for jul no i år. 

Stenginga av bassenget

I denne samanheng kjem bassenget til å vera stengt og opnar ikkje før prosjektet er ferdigstilt. Det blir altså ikkje symjeopplæring dette skulehalvåret. 

Symjeopplæring ligg som kompetansemål under kroppsøvingsfaget sin læreplan. I tida når garderobeanlegget og andre areal er under renovering, jobbar klassane opp mot andre kompetansemål i faget kroppsøving. Tilsette og elevar gler seg no til utbetringane etter arbeidet er ferdigstilt.

Bassengaktivitetar utanom skuletida vil følgjeleg heller ikkje vera mogleg før etter at arbeidet er ferdigstilt - i desember 2024. Det kan nemnast at det er ein del bassengaktivitetar på fritida i symjebassenget på Borgund skule.

Riggplass på skulen

Deler av uteareal på skulen kjem til å nyttast som riggplass av entreprenørane, det gjer at det blir endringar i gangtrafikken til og frå småskulen og SFO, sjå vedlagt utkast til riggplan (Det kan bli endringar her).

Slik er riggplanen lagt opp - raud linje er byggjegjerde,
gul linje er port og lyseblå/turkis linje er 1 meter høgt gjerde. Gangtrafikken blir dermed mellom dette gjerde og fotballbana.

Sjølv om det blir om lag eit halvår utan basseng på Lærdalsøyri skule no, er dette altså for å få gjort ei viktig oppgradering av garderobane og andre fasilitetar for bassenget - til glede for store og ikkje minst små framover.