Natt til fredag eller seint torsdag kveld har det vore gjort hærverk på venterommet og tilhøyrande toalett, som ligg i same bygg som rådhuset.
Det er brukt fyrstikker og ein form for kinaputtar eller små eksplosivar – altså open eld. I verste fall kunne det ha starta ein større brann i rådhusbygget.
Vidare har den eller dei som står bak spunne med sparkesyklar så golvet er fullt av hjulmerke – og det har vore ein del anna generell tilgrising.
Lærdal kommune oppmodar dei som har gjort dette om å melda seg til oppsynsmann Tor Magne Gjerde (tlf.: 917 03 067), eller at den som måtte vita noko tek kontakt. Då blir dette ordna opp i utan at saka går vidare.
Om ingen melder seg vil Lærdal kommune vurdera nøye å politimelda hærverket, med dei følgjer det kan få – hærverk på venterommet og toaletta har skjedd fleire gonger tidlegare og er noko som kommunen må gjera det ein kan for å få bukt med.
Venterommet er ikkje stengt og teknisk eining har rydda opp så godt det let seg gjera – men sjølve doen har fått så hard medfart at den må bytast ut.