- Stillinga går både på førebygging, behandling og oppfølging. Å ta ned sjukefråvêret er målet, men dette handlar jo om å ta vare på og tilretteleggja for dei tilsette. Så eg håpar eg blir eit tilskot og ein sørvis.

Hanne Eike Hønsi kjem frå Stavanger, men flytte vestover frå Asker ganske nyleg – ikkje til Lærdal, men til Jostedalen.

- Eg er gift med ein frå Vik og som hadde tilknyting i Jostedalen. Første gongen eg var der for tolv år sidan tenkte eg at det er her eg vil bu. Men då hadde eg born i Asker, difor vart det først no.

Dagpendling frå Jostedalen blir sjølvsagt i overkant, så Hanne vekependlar og bur på hybel i Lærdal i vekene. 

- Eg har ikkje vore mykje i Lærdal før, men køyrt ein heil del gjennom. Denne jobben dukka jo opp, og her får eg brukt heile spekteret av det eg kan.

- Låg terskel

Ho er no tilsett som fysioterapeut nærvær, og brukarane blir i hovudsak kommunen sine tilsette. Dei betalar for fysioterapibehandling hjå Hanne på lik linje med behandling hjå andre fysioterapeutar i Lærdal, men stillinga er ein del av eit treårig nærværprosjekt som skal ha fokus på helsefremjande arbeidsplassar. 

Over tid har det nemleg vore eit aukande sjukefråvêr i Lærdal kommune, noko ein med dette prøver å snu. 

- Det er kult at kommunen gjer eit slikt grep for dei tilsette. Eg kjem til å jobba tett med legane, og det er ein kjempebonus. Så er det ein jobb der eg kjem til å treffa mykje kjekke folk og læra nye ting heile tida.

Hanne påpeikar også at ho ikkje berre skal følgja opp dei som er sjukemelde, men også dei som kjenner seg slitne eller har plager ho kan hjelpa til med.

- Det skal vera låg terskel for å ta kontakt.

Medisinsk yoga og lymfødem

Hanne er altså utdanna og har jobba som fysioterapeut i Asker før, men har også jobba som personleg trenar. Dessutan har ho utdanning innan medisinsk yoga, noko tilsette i kommunen kjem til å kunne nyta godt av.

- Medisinsk yoga er ikkje slik yoga du gjerne ser på TV med store rørsler og så vidare; det er teknikkar for å roa systemet og stressa ned. Finna pusten. Det funkar veldig bra.

Dessutan har ho spesialkompetanse på behandling av lymfødem. Dette er hevelsar som kjem av lymfe utanfor lymfeårene og er noko som spesielt kreftråka er utsette for etter kreftbehandling. 

- Det er ikkje så mange her i landet som har denne kompetansen. Når det gjeld lymfødem så behandlar eg både tilsette og andre innbyggjarar i kommunen.