Ein jordskiftemeddommar deltek i saker i jordskifteretten.
Aktuelle namn
Kommunestyret i Lærdal skal velja meddommarar til lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten for perioden 1. januar 2025 til og med 31. desember 2028.
I tillegg skal kommunen fremja framlegg til skjønnsmedlemmar til Vestland fylkeskommune. Skjønnsmedlemmane blir valde av fylkestinget i Vestland.
No er Lærdal kommune interessert i å få innspel til aktuelle namn, les korleis ein kjem med kandidatar lenger nede i teksten
Vanlege folk skal delta i retten
Eit viktig rettsprinsipp i det norske rettssystemet er at ein skal dømmast av sine likemenn. Det blir sett på som ein garanti for rettstryggleiken at vanlege folk deltek i retten og dømmer i straffesaker. Meddommarane skal difor i størst mogleg grad spegla att befolkninga i kommunen.
Meddommarane til dei einskilde rettsmøta blir trekte ut tilfeldig frå eit utval, og det skal til vanleg vere like mange av kvart kjønn. Meddommarar har same ansvar og mynde som domstolens fagdommar i den enkelte sak, og i avgjerda tel meddommarane sine stemmer like mykje som fagdommarane sine stemmer.
I fireårsperioden vert meddommarar vanlegvis kalla inn ein til tre gonger i året.
Kven kan vera meddommar?
Kven som kan vere meddommar er regulert i domstollova kapittel 4.
Du må:
- snakka og forstå norsk, og elles vere personleg eigna til oppgåva
- ha fylt 21 år og vera under 70 år når valperioden startar 1. januar 2025
- ikkje vera frådømt stemmeretten
- ikkje vera under offentleg gjeldsforhandling, konkursbehandling eller i konkurskarantene
- stå innført i folkeregisteret som busett i kommunen når valet blir gjennomført
- vera norsk eller nordisk statsborgar, eller ha stått registrert i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste tre åra
- ikkje vera dømt for visse straffbare forhold
Kven kan vera skjønnsmedlem?
Skjønnsmedlemmar deltek i skjønnssaker i lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten.
Eit skjønn vil som regel seia å fastslå verdien av eller rettigheitar i fast eigedom. Skjønn blir typisk brukt i samband med oreigning, når område blir verna eller ved erstatning etter naturskade.
Skjønnsmedlemmar bør ha ein spesiell fagkompetanse innanfor eit fag, som arealplanlegging, eigedomsutvikling, eigedomsvurdering, entreprenørskap, landbruk, økonomi eller arkitektur – men det er ikkje påkravd.
Meddommarar i jordskifteretten kan også vera skjønnsmedlemmar i jordskifteretten.
Verva som meddommarar og skjønnsmedlemmar er ei borgarplikt, og arbeidsgjevarar har plikt til å gi den tilsette fri til å utføra vervet.
Send ein e-post
Dersom du er interessert i å vera meddommar eller skjønnsmedlem – eller veit om nokon som kan passa til verva og oppfyller dei nemnde krava – send ein e-post til post@laerdal.kommune.no innan 11. mars 2024.
Formannskapet førebur sakene om val av meddommarar og framlegg til skjønnsmedlemmar i møte 18. april 2024, så vert innstilling til vedtak lagt til offentleg høyring i minst 14 dagar. Kommunestyret gjer så vedtak i møte 16. mai 2024.