Om lag 80 abonnentar av kommunalt vatn har vassmålar - tidlegare har registreringa av vasstanden skjedd ved at ein skal fylla ut eit skjema og senda det til Lærdal kommune. For å gjera registreringa enklare og meir effektiv vil registreringa frå i år av skje elektronisk. Korleis dette blir gjort kan du lesa om ved å klikka på denne lenkja.
Det blir sendt ut SMS med informasjon om den nye ordninga 19.november 2024. Så vil det koma SMS 2.desember om sjølve målaravlesinga, det er denne ein skal svara på med målarstanden. Om lag ei veke seinare vil abonnentar med vassmålar me ikkje har registrert mobilnummer på få brev med instruksar.
Dette gjeld altså berre dei 80 abonnentane som har vassmålar og som tidlegare har registrert målarstand på skjema, for andre vassabonnentar er det inga endring.