- Bakteppet er stor sjukepleiarmangel i heile Noreg. Men i Lærdal kommune har me hatt veldig positiv utvikling, seier rådgjevar helse og omsorg, Åge Bøyum.
Behovet for sjukepleiarar i Lærdal er stort – Lærdal bu- og omsorgsheim (LBO) har 15 stillingar, då inkludert vernepleiarar, Sogn lokalmedisinske senter (Sogn LMS) har 14 og Lærdal helsesenter fem. Det er eit høgt tal for ein liten kommune, spesielt sidan det også er mange sjukepleiarstillingar på Lærdal sjukehus og ein konkurransesituasjon slik sett.
Men alle stillingane i Lærdal kommune er altså fylte, i alle fall akkurat no.
- Mange seier at det gode arbeidsmiljøet er hovudgrunnen, seier Monika Obara, assisterande einingsleiar pleie og omsorg.
- Viktig å ta vare på godt humør
Ho har fleire døme på den gode trivselen – ein sjukepleiar søkte permisjon for å jobba i Bergen, men har likevel teke helgevakter på LBO i ettertid. Ein annan sjukepleiar i vikariat uttrykte at det var veldig seigt å forlata Lærdal når vikariatet gjekk ut.
- Og me hadde ei som gjekk frå vikarbyrå til å bli fast tilsett hjå oss, seier Obara.
- Det er eit veldig godt døme, for vanlegvis er det motsett, påpeikar Bøyum.
- Men gjer de då spesielle tiltak for arbeidsmiljøet? held han fram.
- For så vidt ikkje, men det er gode moglegheiter til å utvikla seg fagleg - me set stor pris på folk som vil ta kurs og vidareutdanning. Så er det veldig viktig å ta vare på godt humør. Eg går rundt og spør dei tilsette: er det noko du treng, er alt bra? Så er god informasjon ein annan viktig ting.
-
- Miljøet påverkar dei i andre stillingar også. Me hadde tre lærlingar innan helsefag i fjor, to frå nabokommunar ein frå Lærdal. Alle tre har søkt jobb hjå oss, fortel Obara.
- Det gode ryktet rekrutterer, kommenterer Nedberge.
Lite vikarbyrå
Ho representerer også Lærdal helsesenter og Sogn lokalmedisinske senter – som har legevaktsentralen og felles legevakt for fleire kommunar i Indre Sogn.
- Akkurat no har me full bemanning på Sogn lokalmedisinske senter og på helsesenteret har det vore stabilt lenge. Utfordringa på Sogn LMS er at me må rekruttera utifrå norskkunnskapane og det er også viktig med lokalkunnskap, forklarar Nedberge.
Det handlar om at god kommunikasjon med folk som ringjer legevakten og å koordinera utifrå lokale stadnamn er svært viktig på ein legevaktsentral.
- Det er mykje logistikk, og me har blanda erfaringar med å nytta vikarbyrå på legevaktsentralen på grunn av spesielt lokalkunnskapen. Så det gjer me minst mogleg, fortel Nedberge.
- Tala viser at me generelt nyttar lite vikarbyrå innan helse og omsorg i Lærdal kommune, påpeikar Bøyum.
- Lytta til attendemeldingane
Nedberge fortel at dei mellom anna har fokusert på å tilrettelggja vaktplanar og turnusar best mogleg for dei tilsette. Helgeturnusen er slik at dei tilsette jobbar fjerdekvar helg på 12-timarsvakter, i staden for 8-timarsvakter kvar tredje helg, som er meir vanleg.
- Det har fungert veldig godt. Dei tilsette får fleire helger fri og meir fri i vekene.
Andre tiltak er slikt som at dei som ønskjer springskift kan få det – pendlarar ser gjerne det som ein fordel. Og noko av grunnen til at dei kan ha såpass stor fleksibilitet i vaktplanane er at nokre går i kombistillingar mellom Sogn LMS og helsesenteret, slik at det blir fleire å spela på.
- Me hadde også eit prosjekt med ferieturnusen på legevakten denne sommaren. Tidlegare har dei tilsette vore i tre puljer med tre ferieveker kvar. Men då blir ferien til den første og siste pulja delvis utanom skuleferien. Så i år hadde me to puljer med fire veker ferie i kvar av dei, og det var dei fleste veldig positive til. Me prøver å lytta til attendemeldingane. Å rekruttera er ein ting, men det er minst like viktig å jobba for å behalda dei me har, seier Nedberge.