- Krysset Hansegardsvegen-Skulevegen blir stengt heile torsdag også. Vidare må ein pårekna ventetid og innsnevring på dette vegstykkjet dei komande vekene, seier leiar teknisk eining i Lærdal kommune, Harald Stadheim. 

Som tidlegare informert om pågår eit større arbeid med veg og infrastruktur i området kring Lærdal bu- og omsorgsheim. Dette er eit trafikktryggingsprosjekt som vil utbetra forholda på fleire vis, klikk på denne lenkja for å lesa meir.

Alternative ruter

Difor er nokre vegar heilt eller delvis stengde i dette området til tider. Denne veka måtte Hansegardsvegen-Skulevegen stengjast på grunn av omfattande grøftearbeid, slik at trafikken til mellom anna Lærdalsøyri skule og Lærdalsøyri barnehage måtte gå via Einemo, eventuelt via Brattegjerde-Skaffarøyni og så Skulevegen frå vest.

Anleggsområdet i krysset Hansegardsvegen-Skulevegen

No blir altså vegen dei fleste køyrer til og frå skulen og barnehagen også stengt i alle fall heile torsdag.

- Det er ein fordel om trafikantar køyrer Einemo eller Brattegjerde-Skaffarøyni-Skulevegen frå vest også dei komande vekene for å fordela trafikken utover dei ulike tilkomstvegane til skule- og barnehageområdet. Det vil bli arbeid på Einemo også snart; her skal fortau på plass i løpet av 14 dagar, som deretter blir asfaltert. Men vegen blir ikkje stengt her.

Kartet syner alternative ruter via Einemo eller Brattegjerde-Skaffarøyni-Skulevegen

Bommen på Einemo mellom Lærdalsøyri barnehage og Skulevegen som tidlegare har vore stengt har no vorte opna permanent og vil etter kvart bli fjerna heilt. Dermed blir vegstrukturen kring skule- og barnehageområdet, idrettsbana og Lærdal bu- og omsorgsheim både meir trafikktrygt og meir fleksibelt når prosjektet er ferdigstilt..

- Det blir litt krevjande med trafikkavviklinga dei komande vekene, men det meste skal vera ferdig i løpet av september, seier Stadheim.