Skulevegen blir stengt mellom Lærdal bu- og omsorgsheim og kunstgrasbana for motorisert ferdsel frå klokka 10 til om lag klokka 16 fredag 17.november. I denne perioden går det gravearbeid føre seg fordi det skal leggjast ned ein vassleidning.

Omkøyringsalternativ er via Hansegardsvegen og Brattegjerde. 

Først var planen at vegen skulle opna kl. 14, men på grunn av mykje tele som kompliserte gravinga er opningstidspunkt utsett til kl. 16 - eller tidlegare om gravinga blir ferdigstilt.