Resultatet i kommunestyrevalet for Lærdal sitt vedkomande er slik per 12. september kl. 1330:
Ap: 55,0 % (9 mandatar)
Sp: 26,5 % (5 mandatar)
SV: 11,2 % (2 mandatar)
H: 7,3% (1 mandat)
Kommunestyret i Lærdal består av totalt 17 mandatar.
Valresultatet er ikkje endeleg, altså kan tala endra seg noko. Oppdaterte tal finn ein alltid på valg.no.
Først når det endelege valresultatet ligg føre veit ein kven som kjem inn i kommunestyret for dei ulike partia.
Elles er det per no registrert 1 161 godkjende røystesetlar av 1 696 røysteføre i Lærdal, noko som gjev ei venta valdeltaking på 69,2 %. Dette talet kan også justera seg noko når endeleg resultat ligg føre. Landssnittet for valdeltaking er pt 62,2 %.