- Me er kanskje ein liten aktør i verda, men om me alle tek i bruk puslespelbrikka me har fått utlevert, og brukar den på ein miljøfremjande måte, kan ein lykkast med det store biletet. Altså å skapa eit meir berekraftig samfunn, seier styrar i Lærdalsøyri barnehage, Anne Margrete Hatlelid. 

I system

Miljøfyrtårnsertifisering handlar mykje om å laga og følgja opp system og rutinar for slikt som HMS, brannførebyggande opplæring, tilsyn av bygg, vernerunde og vedlikehald. Tysdag 29. april var det ei større markering i Lærdalsøyri barnehage for at sertifiseringa er i boks.

- Det er ikkje berekraftig å ha eit høgt sjukefråvær, det er ikkje berekraftig å ikkje ta vare på bygga kring oss, det er heller ikkje berekraftig om tryggleiken for barn og vaksne i barnehagen ikkje er teke i vare. Miljøfyrtårn hjelper oss med å sette dette førebyggande arbeidet i system, slik at det ikkje vert tilfeldig frå år til år, og at me unngår å setja inn tiltak for seint.

Kommunedirektør Gunn Lerøy og ordførar Audun Mo var på plass med blomar.

- Stort

Miljøfyrtårnsertifiseringa kjem på plass etter godt samarbeid mellom oppvekst, teknisk og helse. Av konkrete tiltak kan nemnast slikt som to årlege rundar med mediyoga kurs for tilsette, temamøter med kommunepsykolog om å ivareta eiga helse i ein krevjande arbeidskvardag, system for miljøpedagogiske aktivitetar og ikkje minst Lærdalsøyri barnehage sitt eige utviklingsarbeid kring berekraft og mat.

- Eg som sertifiseringsansvarleg i barnehagen har lagt ned eit stort stykke arbeid for å skriftleggjera alt me eigentleg snakkar om at me gjer eller skal gjera. Så særleg for meg som leiar var dette stort. For dei tilsette trur eg gleda ligg i at dei veit at me har eit system som er der for både dei og borna. At det er føreseieleg for dei kva som skal skje til kva tid i eit årshjul. Og så trur eg nok dei er veldig glade for at kommuneleiinga kjem og syner at dei set pris på, og veit at dei på golvet gjer ein kjempeviktig og god jobb.

Kva er dette tru?..
..eit synleg prov på sertifiseringa som borna har utsmykka sjølve