I siste halvdel av november vart det gjennomført ei innbyggjarundersøkjing i Lærdal. Her vart innbyggjarane inviterte til å svara på ei rekkje spørsmål om kva dei tykkjer om Lærdal - både som plass og som heimkommune. 551 svarde på undersøkjinga, av 1071 inviterte (alle innbyggjarane i Lærdal som Sentio research group hadde mobilnummer på i sin database vart inviterte).
Innbyggjarundersøkjinga, eller borgarundersøkjinga, er i regi av Sentio research group, som har utvikla den i samarbeid med Nord universitet. Ei rekkje kommunar har gjennomført undersøkjinga før, så analysen og rapporten baserer seg på samanlikning av Lærdal kommune opp mot både samanliknbare kommunar (kommunar med under 5000 innbyggjarar) og landssnittet.
Altså ser ein her kor godt nøgde innbyggjarane i Lærdal er med alt frå sentrumsattraktivitet til drikkevatn til barnehagetilbodet i forhold til innbyggjarar i samanliknbare kommunar og landet for øvrig.
Overordna kjem Lærdal godt ut i undersøkjinga - under ligg ein analysen og ein rapport:
Klikk her for å opna analysen av innbyggjarundersøkjinga
Klikk her for å opna tabellrapporten for innbyggjarundersøkjinga
Innbyggjarundersøkjinga vil bli nytta til vidare utviklingsarbeid - både utvikling av dei kommunale tenestene og Lærdal som plass å leva og bu.