Lærdal kommune minner om at bandtvangen gjeld. Bakgrunnen for påminninga er at det har vore nokre meldingar om hundar som har jaga husdyr.
Bandtvangen gjeld altså i utgangspunktet frå 1. april til 20. august, men kommunane kan også utvida den. Lærdal har difor ei eiga forskrift om utvida bandtvang til 1.november.
Les meir om generell bandtvang ved å klikka på denne lenkja til Lovdata.
Les meir om utvida bandtvang i Lærdal ved å klikka på denne lenkja til Lovdata.
Bakgrunnen er mellom anna nettopp at vår, sommar og haust er beitetid for storfe og småfe.