Det tyder at til dømes skjemaløysinga her på Lærdal kommune si nettside, bestilling av legetime via helsenorge.no og andre system som krev BankID blir utilgjengeleg desse ni timane. 

Med andre ord - skal du gjera noko som krev BankID må du gjera det før klokka 2200 i kveld, torsdag, eller etter klokka 7 i morgon tidleg, fredag.

Bakgrunnen for at BankID er nede denne perioden er vedlikehaldsarbeid på systemet, skriv BankID på sine statussider.