Planprosessen er noko forsinka. Det er lagt opp til at planen skal leggast ut på høyring våren 2024. Utvalet fekk kort orientering om det rike naturmangfaldet me har i Lærdal. Mellom anna er det 372 raudlisteartar av både insekt, sommarfugl, moser, lav og pattedyr. Den som har mest fokus for tida er villreinen. Den er truga både av sjukdom, og leveområde er sterkt pressa. Det er nyleg utarbeida tiltaksplan for å ta vare på villreinen i Nordfjella.
Vidare framover mot våren, skal det haldast informasjonsmøte om planarbeidet og naturmangfaldet i Lærdal. På dette møte vert det presentasjon av det rike naturmangfaldet, og me ynskjer innspel på korleis me kan ta vare på naturmangfaldet, til beste for samfunnsinteressene til bygdi vår.
Informasjon i utvalet
Utval for Miljø og samfunnsutvikling fekk på møte i dag informasjon om arbeidet med kommunedelplan for Naturmangfald. Utvalet er styringsgruppe for det pågåande arbeidet.