AT Skog SA og Statsforvaltaren inviterer til ope møte om frivillig skogvern. Møtet finn stad den 30. oktober kl. 19.00-21.00 på Sognasmak på Håbakken.
Statsforvaltar Liv Signe Navarsete ønskjer velkomen! Vebjørn Enerstvedt frå AT Skog og Maria Knagenhjelm frå Statsforvaltaren vil fortelja om frivillig skogvern og svara på spørsmål.
Møtet er ope for alle. Det vil bli servert kaffi og noko å bita i.
For spørsmål, kontakt Vebjørn Enerstvedt på telefon: 936 66 883