Rapporten vert eit svært godt grunnlag for kommunen sitt arbeid med utarbeiding av kommunedelplanen.

I rapporten heiter det mellom anna; Lærdal har eit uvanleg variert og bevaringsverdig naturmangfald, som følgje av eit spesielt klima, topografi og kulturhistorie. Over 360 raudlisteartar er så langt registrert i kommunen, og eit 20-tals finst nesten berre her i Norge. Mange andre har isolerte, regionalt svært viktige førekomstar i kommunen. 176 naturtypelokalitetar er kjent, men det er opplagt at mange fleire finst. Kommunen har i tillegg ein handfull verneområde, og delar ligg innafor verdsarvområdet for vestnorsk fjordlandskap. Sjølv om kommunen gjer mykje bra av omsyn til naturmangfaldet er utfordringane store. Attgroing er eit alvorleg trugsmål, men også m.a. framande artar utgjer eit aukande problem. I tillegg finst vesentlege kunnskapshol.

Heile rapporten kan du lesa her.

Lærdal kommune sitt høyringsutkast til kommunedelplan er i desse dagar under utarbeiding. Planen vert lagt på høyring til hausten.