Vanlegvis er det kåffikopp med ordførar og varaordførar siste torsdag i månaden, men delvis på grunn av at Audun Mo er på reis, delvis fordi jula står for dør blir avslutninga for året torsdag 14. desember klokka 18 - 20.
Då kan ein koma i julestemning i same slengen – ordførar Mo og varaordførar Janne Marie Reppen serverer julegløgg og peparkaker - og teknisk eining driv i skrivande stund og gjer klart juletreet som skal stå inne i Servicesentralen. Men ein får så klart kaffi også, om ein heller vil ha det.
Med andre ord – ingen kåffikopp no torsdag, 30. november, men vel møtt torsdag 14. desember mellom klokka 18 og 20!