- Dette var kjekt, seier Jakob Vik.

Den årvisse festmiddagen for eldre i heile Lærdal fall tilfeldigvis på 91-årsdagen hans. Middagen blir altså finansiert av Nesse og Eggums minnefond.

Vik - kjent som mangeårig tidlegare rektor på Ljøsne skule, fjellmann og dansar - var førstereisgut i denne samamheng.

- Eg har ikkje hatt stunde før, fortel han.

Gamle kjenningar

 Travelt er det no for tida også – han er stadig med på gulrotopptak på Ljøsne og går daglege trimturar

- Ein må helst gå i terrenget på motbakken, det er det beste.

Men trass i at han styrar med litt av kvart fekk hans altså pressa inn festmiddagen i år.

- Det var mange gamle kjenningar her, konstatererer Vik.

Gav pengar

Mange var det, for spisestova var fylt til randen – Monica Lien og Jorunn Eri på kjøkenet hadde diska opp med nydeleg biff stroganoff, potestappe og salat. Til kaffien vart det servert bløtkake. 

        Då hadde leiar i Nesse og Eggums minnefond, Halvard Lunden, ynskt alle velkomen. På vegner av fondet delte han også ut 5000 kroner til Lærdal frivilligsentral for den fantastiske jobben dei frivillige i denna bygda gjer. Pengane skal brukast til noko hyggeleg både for dei eldre og dei frivillige. 

              Elles stod Leif Inge Thormodsæter for musikken, og det var svært gode hjelparar med tilstellinga i form av Olaug Nundal, Liv Einemo Øverland og Astrid Bjørkum. Det eile vart avrunda med takk-for-maten-tale av ordførar Audun Mo. 

Halvard Lunden
Halvard Lunden
Jorunn Eri og Monica Lien
Jorunn Eri og Monica Lien
Ordførar Audun Mo
Ordførar Audun Mo