Barnekreftforeninga skal etablera familiehus ved universitetssykehusene i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan born med alvorleg sjukdom og familien deira bu saman medan barnet får behandling. Les meir om årets TV-aksjn ved å klikka på denne lenkja.

Johanne Gram frå Lærdal har hatt kreft – ho og familien hennar har sjølve opplevd kor viktig det er å vera saman og at det er lagt til rette for det i ei veldig vanskeleg tid. Pengane lærdøler og andre gjev under årets TV-aksjon går altså til born og unge med familar i same situasjon som Johanne.

Bøsseberarane kjem rundt søndag 20. oktober mellom klokka 16 og 18 – ta vel i mot dei! I år også TV-aksjonen 50 år, så det blir kake og kaffi og/eller brus på alle bøsseberar i lokala til Sogn sparebank når dei har vore gjennom roda si.

Det byrjar å bli bra med bøsseberarar, men har du lyst til å ta eit tak så er det berre å ta kontakt med leiar for TV-aksjonen i Lærdal, Renate Fossen, på telefon: 90 62 09 75 eller e-post: Renate.f@laerdal.kommune.no

Årets aksjonskomité er klare. F.v.: leiar Renate Fossen, ordførar Audun Mo, varaordførar Janne Marie Reppen og Jorunn Hatlevoll